Nord-Fron kommune

Tilknytningsavgifter vatn og kloakk 2021

Tilknytningsavgifter vatn og kloakk 2021

Høg og låg sats

For vatn og kloakkavgifter er det låg og høg sats, der låg sats vil gjelde eigedomar i utbygd område der det blir kravd refusjon for interne anlegg. Høg sats vil gjelde eigedomar der det er / blir ført fram offentleg leidning utanom felta nemnt over. Her blir det ikkje kravd refusjon.

I tilfelle der det kan dokumenterast utgifter for å føre leidningsnettet fram til tomtegrensa inkl. eventuell refusjon som overstig forskjellen mellom høg og låg avgift, skal det nyttast låg sats.

Inndeling i soner

Satsane er delt inn etter soner:
Sone 2 gjeld eigedomar ovanfor Låvåsfeltet i Kvam og ovanfor Brattliflata vassverk.
Sone 3 gjeld eigedomar vest for Kamsbekken i Skåbu ( i hovudsak hytteområda Sikkilsgrenda og Skardfjellgrenda ).
Sone 1 gjeld alle eigedomar utanom sone 2 og sone 3 ( i hovudsak sentrumsområda i Vinstra, Kvam og Skåbu).

Forklaring til liste under:

*) Avgift pr. inntaksleidning ( ein eigeom kan ha fleire inntaksleidningar).

**) Avgift pr. bueining. Bustadeigedom med inntil 2 bueiningar under same eigar blir rekna som ei bueining (t.d. hybel, generasjonsbustad)

***) Fritidseigedom med fleire bueiningar skal betale pr. bueining. Fritidseigedom med leilegheiter betaler pr. leilegheit/bueining.

For eigedomar i område der det blir ført fram offentleg leidningsnett og som har etablert privat vatn- og/eller avløpsanlegg, skal eingongsgebyret for tilknytning reduserast med 50% av satsane nedanfor.

Eingongsgebyr tilknytning vatn og kloakk 2021

Eingongsgebyr for tilknytning betalast ved tilknytning til offentleg vatn-og/eller avløpsleidningsnett, differensiert etter brukarkategori og soner.

Eingongsgebyr tilknytning vatn og kloakk 2021
Type Pris i kr. ekskl. mva. Sone
Vatn næring * 0-26mm kr 15.000 (låg) - kr 40.000 (høg)
Vatn næring * >26mm kr 30.000 (låg) - kr 80.000 (høg)
Vatn bustad** el. fritidseigedom *** kr 15.000 (låg) - kr 30.000 (høg) Sone 1
Vatn bustad** el. fritidseigedom *** kr 20.000 (låg) - kr 50.000 (høg) Sone 2 og 3
Kloakk næring * 0-26mm kr 40.000 (låg) - kr 100.000 (høg)
Kloakk næring >26mm kr 80.000 (låg) - kr 200.000 (høg)
Kloakk bustad** el. fritidseigedom*** kr 30.000 (låg) - kr 70.000 (høg) Sone 1
Kloakk bustad** el. fritidseigedom*** kr 50.000 (låg) - kr 100.000 (høg) Sone 2
Kloakk bustad** el. fritidseigedom*** kr 30.000 (låg) - kr 70.000 (høg) Sone 3