Kommunale vassverk
Vasskvaliteten i dei kommunale vassverka blir kontrollert kvar veke.
Vassprøvene blir tatt ute på leidningsnettet og analysert av akkreditert laboratorium. Dei siste åra har alle analyser tilfredsstilt dei strenge krava i forskrifta. Frå våre kommunale vassverker er vatnet bløtt målt i hardheitsgrad (meget bløtt frå Kvam, Furusjøen og Brattliflata).
Nord-Fron kommune har anlegg for vassforsyning i Vinstra, Kvam, Brattliflata og Skåbu.
Her finn du oversikt over våre kommunale vassverk:
Vassverket for Vinstra ligg i Lomoen, og fordeler vatn via høgdebasseng i Sorperoa, Byrevegen, Byrlykkja og Tokse til Vinstra sentrum og bustad- og næringsområda omkring.
Vassverket på Kvam ligg ved Kvam bru og fordeler vatn via høgdebassenget i Røssumlykkja til bustad- og næringsområda i Kvam.
For Brattliflata i Ruste er det vassforsyning frå kraftverkstunnelen via behandlingsanlegg og ut til bustadane i nærområdet på Brattliflata.
I Skåbu blir det pumpa vatn frå grunnvasskjelda ved Kamfossen via behandlingsanlegg ved Moen og vidare til høgdebasseng ovanfor Austlifeltet. Dette anlegget fordeler vatn til sentrumsområdet og til hyttene i Holslåa.
Vassverket ligg i Kvamsvika med inntak frå Furusjøen. Vassverket pumpar til Møllehaugen høgdebasseng som fordeler til trykkaukarar ved Sildtjønnlia, Årvillingen, Vassmillom.
Drikkevatn frå privat vassforsyning
SYNLAB har eit tilbod for analyse av vassprøver til private og bedrifter. Dette er ein enkel måte å få analysert vasskvaliteten på.
Prøver kan bestillast via nettportalen SGS Analytics ; der kan det bestillast embalasje og ønska analysepakke.
Du kan også få utdelt prøvetakingsflasker og rettleiing for prøvetaking på Servicetorget i 1. etg. på kommunehuset Vinstra. Her kan du også levere flasker med vatn som du vil ha anlysert. Her finn du oversikt over datoar i 2023 for innlevering av flasker med vatn som du vil ha analysert (PDF, 73 kB). Dette er måndagar og du må ha levert inn til Servicetorget seinast kl.12.00 desse dagane.