Slik skaffar du deg vassmålar
Vassmålar leiger du av kommunen. Kommunen kjøper inn og eig desse og står for alle kostnader knytt til innkjøp, vedlikehald, reparasjon mm av målaren. Montasje av vassmålar kostast sjølve.
Her kan du lese føresegner/bestemmelser for bruk av vassmålar (PDF, 118 kB).
Slik les du av
Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrering via SMS og oppfordrar difor alle til å svare via SMS. Etter innmeldt målarstand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake. Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesningskort i posten med svarfrist.
Du kan og lese av på nett, her går du inn på linken www.leseav.no og registrerer målarstand ved hjelp av din unike kode som står på avlesningskort.
Når du les av standen, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
Kor ofte skal du lese av
Vassmålaren skal avlesast årleg av abonnenten til dei fristane som er sett av kommunen. Når avlesing av vassmålar ikkje skjer innanfor fristane, vil kommunen kunne foreta avlesing for eigars rekning (avlesingsgebyr). Kontrollgebyr : kr. 500 .
Betaling av målarleige
Målarleige forfell til betaling på 3. termin.
Vassmålarleige pris 2025