Kristin Veskje, GD
Fare for brådjupt vatn og straum
Erik Kvernes
Skilta som no er monterte, advarer mot sterke strømmer berre få meter frå land. Her blir det også fort djupt. Dette er forhold som ikkje nødvendigvis er synlege, men som kan føre til farlege situasjonar – spesielt for born og dei som ikkje er svømmedyktige.
GD omtalte skilta tidlegare i sommar.
Kommunen har òg sett opp ei ny livbøye med redningsline, lett synleg og tilgjengeleg i tilfelle nokon kjem i naud. Det er ei livbøye i området frå før.
Brannvesenet støttar tiltaket, og peikar på at slikt utstyr kan vere avgjerande i ein kritisk situasjon.
Oppmoding til badegjester
Nord-Fron kommune oppmodar alle om å følgje godt med når ein oppheld seg ved Eidesand. Tryggleikstiltak er viktige, men dei erstattar ikkje vaksen tilsyn og godt badevett.