Det er barne- og familieveileder Gro Solberg ved Helsestasjonen i Nord-Fron – saman med barne- og familieveilederane i Sør-Fron og Ringebu – som er ansvarleg for kursopplegga.
Barne- og familieveilederane i Midtdalen; Carina Berg-Wolle ( Helsestasjon i Ringebu), Eli Oda Segelstad ( Helsestasjon i Sør-Fron) og Gro Solberg (Helsestasjon i Nord-Fron)
Dette vil vi vite meir om og har tatt ei samtale med barne- og familieveileder i Nord-Fron kommune; Gro Solberg no når nye kurs er annonsert.
Kor lenge har de arrangert slike kurs? Relativt nytt tilbud?
- Det er fjerde året vi arrangerer slike kurs, og har hatt fulle grupper for spedbarn, barnehagebarn og tenåringar kvart år seier Gro.
- Det har vore få påmeldte på kurset for dei med barneskulebarn. Vi er usikre på kvifor det er slik og har difor utarbeida eit nytt tilbod i år: foreldrekurs for dei med 1. klassing (skulestartarar). Vi fekk ikkje nok påmeldte i august, men prøver att nå.
Kanskje passar tidspunktet betre?
Kva gjer ein familieveileder?
- Barne- og familieveileder kan gje foreldre tidleg hjelp og støtte, slik at små problem ikkje utviklar seg til store vanskar. Målet er å støtte familien i dei endringane dei sjølv ønskjer. Barne- og familieveileder og alle andre på helsestasjonen har teieplikt.
Tilbodet frå barne- og familieveileder er eit gratis lågterskeltilbod for alle familiar, og er ein del av helsestasjonen sitt tilbod. Det starta som eit prosjekt finansiert av Bufdir.
Korleis er kursa lagt opp?
- Forma og innhaldet er sett saman av veilederane, som har samarbeida om å gjennomføre kurs sidan 2022. Gruppene har mellom 5-12 deltakarar og det er 4 samlingar på 2 timar kvar gong. Vi har plassert oss midt i (Sørheim eldresenter i Sør- Fron), serverer kaffe/te og har eit triveleg kursrom med sofa. Dei minste barna er sjølvsagt med på kurset og kurset er på dagtid.
Dei øvrige kursa er på kveldstid.
Alle kurs gjennomførast med to kurshaldarar kvar gong, men alle vil i løpet av kursa få møte barne- og familieveileder frå si kommune. Det tenkjer vi kan gjere det lettare å ta kontakt seinare, evt. ved behov for individuell veiledning.
Kursa som startar opp i oktober er for foreldre til spedbarn, 1.klassingar og tweens/tenåringar (frå 10 år).
Erfaringar / tilbakemeldingar på gjennomførte kurs så langt?
- Kursa blir evaluert av deltakarane etter kvart gjennomført kurs. Attendemeldingane er positive, mange opplev det godt å få bekrefta at dei allereie gjer mykje rett, dei tek med seg ny lærdom, at det er godt å kjenne seg att korleis andre har det, og at det kanskje til og med er ein del av normalvariasjonane.
Korleis kan foreldre elles få kontakt med familieveileder om det er problemstillingar eller spørsmål ein vil drøfte på tomannshånd?
- Foreldre kan ta kontakt direkte med barne- og familieveileder, helsesjukepleier/ skulehelsetenesta, ein lærar på skulen eller tilsette i barnehagen.
Fyrste samtale med barne- og familieveileder brukast til kartlegging av familiens behov, og utarbeide ein plan for vidare samarbeid.
Veiledninga foregår i helsestasjon sine lokale, men òg i heimen ved behov. Antall møtepunkt er avhengig av behov og framdrift.
Til slutt Gro; de skal i gang med nye kurs no i oktober – kva vil du tilrå foreldre?
- Meld dykk på kurs! Dette er eit kurs for alle som er foreldre, anten at dykk ønskjer å være i forkant- eller kjenner at det er noko som er vanskeleg. Når alt kjem til alt, så kjem ikkje barna våre med ei bruksanvisning.
Strategiar og refleksjonar over korleis vi påverkar kvarande i nære relasjonar, kan hjelpe oss når stormane kjem. For dei aller fleste vil oppleve noko ein bekymrar seg for, ei konflikt eller fleire. Kursa er opplysande, forebyggande og bevisstgjerande.
Vi oppfordrar alle med ansvar for barn/ungdom å delta på foreldrekurs.
For dei som vil vite meir om det faglege opplegget for kursa så kan de her lese om det her: Foreldreveiledning i Nord-Fron kommune - Nord-Fron kommune.
Her finn de datoar og praktisk info for påmelding til foreldrekurs hausten 2025.