Høyring om skolestruktur

Kommunestyret i Nord-Fron behandla sak om skolestruktur i møte torsdag 21. mars. Vedtaket frå saka skal ut på høyring fram til 20. mai. 

Les meir om bakgrunnen for arbeidet med ny skolestruktur, og lever høringssvar her!

 

Vedtaket frå kommunestyret vart slik: 

  1. Nord-Fron kommune byggjer ein ny skule for alle elever som ellers ville fått undervisningstilbodet sitt ved Sødorp skole, Barhaug   skole og Vinstra Ungdomsskole. Den nye skulen vil gje undervisning frå og med 1. klasse til og med 10. klasse, og inkludere fleirbrukshall i samband med skulen. 
  2. Videre framdrift i arbeidet, og etter kvart dato for realisering av nedlegging av skulane i pkt. 1 kjem att i ny sak/nye saker til kommunestyret hausten 2024.
  3. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å komme att med ei tilråding om bygging av ny skule, anten på Barhaugområdet eller Sødorpområdet, sett i samanheng med anna plan- og tjenesteutgreiing som vil påverke sentrumsutvikling og arealbruk.
  4. Nord-Fron kommune legg ut saken på høyring, der ein ber om innspel knytt til val av modell 1-10 skule med høyringsfrist 20.05.24