Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2036 - satsingsområde og strategiar

Kommuneplanens samfunnsdel for 2025 - 2036 beskriv satsingsområde og strategiar for dei neste 12 åra.  Det var i møte 12. desember 2024 at kommunestyret vedtok denne. 

KPS 2025 - 2036

KPS beskriv strategi om kvar og korleis kommunen skal jobbe framover. Gjennom fagsystemet Framsikt vil ein knytte handlings- og økonomiplanen opp til strategien, og den vil bli eit godt verktøy å jobbe etter for politiske prioriteringar.

Det var i februar 2023 at arbeidet med KPS starta opp og planprogram vart vedtatt i juni 2024. Etter det har det vore involvering av ulike samfunnslag og offentleg høyring som i etterkant har blitt summert opp og vurdert. 

Her kan du lese endeleg vedtatt Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2036.

 

Du finn meir informasjon om historikk og om planarbeidet i K.sak 130/24 Kommuneplanens samfunnsdel 2025 - 2036 - endeleg behandling.