Kva bustader treng vi i framtida?

I åra som kjem vil vi møte ei utvikling der det blir fleire eldre og færre yngre. Det betyr at vi som innbyggjarar i større grad må ta ansvar for eigen alderdom – også når det gjeld bustad.

Nord-Fron kommune ønskjer derfor å høyre dine tankar om framtidige bustadønskje.
Vi vil gjerne vite om du kunne tenkje deg å leige eller eige, og kva område du helst vil bu i dersom du ein gong vurderer å bytte bustad.

Undersøkinga er sendt ut på SMS til alle innbyggjarar fødde før 1965. Dersom du ikkje har fått SMS-en, eller ønskjer å svare likevel, kan du bruke lenka under.

👉 Trykk her for å svare på innbyggjarundersøkinga

Dine svar vil gi viktig bakgrunnskunnskap når Nord-Fron skal planleggje for framtida.

Svarfrist er 27. august. 

Har du spørsmål, eller ønskjer du å få undersøkinga på papir, kan du kontakte Nord-Fron kommune på telefon 61 21 61 00.

Kontakt

Ane Steig
Boligutvikler
E-post
Mobil 92 28 95 08