Kva er Effektivitetsbarometer VA?
Effektivitetsbarometer VA er eit styringsverktøy som gir kommunar og interkommunale selskap eit tydeleg bilete av korleis dei presterer på vatn- og avløpstenester samanlikna med andre kommunar. Barometeret tek høgde for variasjonar som geografi, befolkningstettleik og tilstanden på infrastrukturen, slik at samanlikninga blir rettferdig.
Denne rapporten brukar eksisterande data som allereie er rapportert inn til KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) og kommunen sin sjølvkostmodell. Dette betyr at rapporten ikkje medfører noko meirarbeid for kommunen, men gir verdifull innsikt i effektivitet og kostnadsnivå, justert etter lokale driftsforhold.
Ei viktig anerkjenning for Nord-Fron
Vatn- og avløpstenester er ein av dei viktigaste tenestene kommunen tilbyr innbyggjarane. Media omtalar ofte desse tenestene i samband med gebyrnivået, men Effektivitetsbarometer VA gir eit meir nyansert bilete ved å vurdere både kostnadseffektivitet og kvalitet.
For Nord-Fron, som har fått ein sterk 50.-plass i rangeringa, betyr dette at kommunen ligg godt an samanlikna med andre kommunar. Det viser at kommunen tilbyr tenester av høg kvalitet til ein konkurransedyktig kostnad.
– Dette resultatet viser at vi i Nord-Fron jobbar godt og målretta med vatn- og avløpstenestene. Vi skal halde fram med å utvikle oss og sikre tenester av høg kvalitet til innbyggjarane våre, seier Even Solbraa, avdelingsleiar for VVA i Nord-Fron.