Ny gjødselbrukforskrift var tema på landbruksfagmøte

Ny gjødselbrukforskrift var tema på fagmøtet for gardbrukarar i Midtdalen  11. mars d.å.  Ny forskrift trådte i kraft 1. februar 2025. 

Frå foredragssalen  der ein person står framme på podiet og vi ser overheadplansje - Klikk for stort bileteInformasjon om ny gjødselforskrift på temadag for gardbrukarar 11. mars 2025 Marthe Dybdalen

Fagmøte med Norsk landbruksrådgiving  SA

Fagmøtet vart arrangert i samarbeid med Nord-Fron landbrukskontor og Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor med støtte frå klima- og miljøprogrammet til Statsforvalteren i Innlandet. 

Norsk landbruksrådgiving SA (NLR) ved Eivind Bergseth og Morten Randsted la fram endringane i den nye forskrifta, og informerte om korleis dette vil påverke gjødslingspraksisen på mange gardsbruk i området. 

Viktige endringar

  • Innskjerping av kor mykje fosfor som kan spreiast pr dekar, gjeldande frå 1. januar 2027. Dette kan ha verknad for gardens spreieareal
  • Spreiefristar i Gudbrandsdalen endra til 1. mars til 1. september. Det må haustes eller etablerast plantevekst etter siste spreiing
  • Krav om gjødslingsjournal frå 1. januar 2026
  • Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal også for mineralgjødsel frå 1. januar 2027.
    Presentasjonen frå NLR finn du her 
     

Her finn du presentasjonen frå Norsk landbruksrådgiving om ny gjødselbrukforskrift frå 2025 (PDF, 2 MB).

Landbruksontoret vil formidle meir informasjon når det ligg føre. Førebels finn du meir

 informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside om nye regler for lagring og bruk av gjødsel