Opning av Tenkeplass i Støslia 31. august

Invitasjon til opning Tankeplass, Støslia (Stusslia) i Nord-Fron søndag 31. august kl.14.00.

Bilde av kunstverk - lafta trestokkar i fire hjørner - Klikk for stort bileteKunstverket Reiser og ruiner Barbora Hollan

Kunstprosjekt Tankeplass er eit prosjekt for utvikling av stoppestadar med kunstnerisk og eller arkitektonisk kvalitet, langs Pilegrimsleden i Innlandet. Tankeplass 1 opna i 2020 med fem verk. No blir det jobba med Tankeplass trinn 2 med fem nye verk som skal opne i 2025 – 26. Dei nye verka kjem i Vestre-Toten, Stange, Hamar, Ringsaker og Nord-Fron. 
Tankeplassane skal vere plassar som innbyr til refleksjon og kontemplasjon, kor ein kan vere introvert med sine eigne tankar, nyte utsikta, utveksle tankar med andre vegfarande, «tanke opp». 

 

Adkomst:

  • Frå Vinstrasida: Følg Pilegrimsleden frå Einlivegen innover mot kunstverket.
  • Frå Kvamsida: Følg Gravdalsvegen til den møter Pilegrimsleden og gå innover mot kunstverket.
     

Plassering av verket finn du på Norgeskart her
Her finn du meir informasjon om verket og adkomst
Her finn du meir informasjon om prosjektet

 

Reiser og ruiner 

av
Robert Johansson og Jenny Ueland

 


Program: 


Kl.14.00 - opning
•    Opning og velkomen v/ordførar i Nord-Fron kommune
•    Musikkinnslag ved folkemusikar Roger Slåstuen  
•    Kunstkonsulent Eivind Slettemeås seier litt om verket
•    Kunstnarane Jenny Ueland og Robert Johansson presenterar verket nærare og vil svare på spørsmål frå dei frammøtte.
•    Avslutning og vel heim

Arrangementet er gratis og krev inga påmelding.