
Overflytting til annan barnehage eller endring av plass-storleiken
Har du barn som allereide har barnehageplass, men ønskjer overflytting til annan barnehage for oppstart i veke 33 i 2026 eller endring av opphaldet? Då kan du søkje om dette innan 1. februar 2026.
Behov for barnehageplass frå hausten av
Har du ikkje barnehageplass frå hausten av og ikkje eit barnehagetilbod i Nord-Fron frå tidlegare, med oppstart frå veke 33 i 2026? Då kan du søkje om dette innan 1. mars 2026.
Slik søkjer du
Registrer søknader elektronisk i foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron).
Her kan du lese meir om korleis søkje om eller endre på barnehageplass.