Brufundamenter under Sula bru ble undergravd under ekstremværet «Hans» i 2023.Sommaren 2023 sette ekstremvêret «Hans» sine spor i mange delar av landet – også i Nord-Fron. Under dette vêrfenomenet blei brufundamenta under Sula bru undergravde av store vassmengder, noko som førte til behov for omfattande sikringstiltak.
Solid sikringsarbeid
Nord-Fron kommune har no gjennomført ei grundig reparering og forsterking av fundamenta. Ein betongsåle er støypt under brua for å binde saman brufundamenta og hindre vidare undergraving ved framtidige flaumar. I tillegg er det bygd opp veggar på kvar side av brua, tett inntil tidlegare reparasjonsstøyp og eksisterande murverk.
Som man kan se av bildene har elvebunnen tidligere gått langt opp under brua. Man kan se dette på hvor tidligere reparasjonsstøp har blitt avsluttet, omtrent på nivå med topp av nest øverste stokk i demningen.Under sjølve arbeidet blei elva leidd gjennom eit stort rør under brufundamentet for å sikre tørr og trygg arbeidsflate. Når arbeidet var fullført, blei røret tetta, og vatnet leidd tilbake over den nye såla. For å gi elva eit naturleg preg er det lagt elvestein over betonglaget, slik at elvebunnen framstår som naturleg og harmonisk med omgjevnadene.
Elva får naturleg uttrykk – på lågare nivå
For å bevare eit naturleg uttrykk i elva, er det lagt elvestein over betongsåla. Elvebunnen ligg no på nivå med botn av stokk nummer tre i demninga. Det betyr at botnen no ligg lågare enn den tidlegare har gjort – noko som gir betre flaumkapasitet og reduserer risikoen for at brufundamenta igjen blir undergravde i framtida.
Godkjent og kvalitetssikra
Tiltaka er utført etter søknad og godkjenning frå Innlandet fylkeskommune. Det er òg pynta opp på sørsida av brua, slik at området no framstår ryddig og ferdig.
Nivå av elvebunn er nå på nivå med bunn av stokk nr. 3 i demning, dvs. lavere enn det tidligere har vært.
Masser på sørsiden av demning vil bli pyntet på.