Russen ønskjer å samlast i Vinstra park – ordføraren seier velkommen

Russen ved Vinstra vidaregåande skule har fått klarsignal frå ordførar Anne-Marie Olstad til å bruke Vinstra park som samlingsplass i russetida. – Dette er ein inkluderande og tilgjengeleg møteplass midt i kommunen, seier ho.

Russetida nærmar seg, og frå 17. april til 17. mai skal årets russ feire slutten på skulegangen. I år tok russen sjølv kontakt med kommunen for å spørje om dei kunne bruke området i Kåja som samlingsplass. Etter dialog med russestyret foreslo ordførar Anne-Marie Olstad i staden Vinstra park.

Ordfører Anne-Marie Olstad Nord-Fron kommune

– Vinstra park er ein open og sentral møteplass, lett å kome til for alle – også for dei som ikkje har tilgang til bil eller russebuss. Det gjer det enklare å samle seg på ein trygg og inkluderande måte, seier Olstad.

Ønske om mindre trafikk ved idrettsanlegg

Tidlegare har russen vore samla både i Kåja og i Lomoen, men aktørar som driv aktivitet i Kåja idrettspark, og politiet, har peikt på utfordringar med trafikkavvikling og tryggleik i området.

– Når russen spurte om dei kunne vere i Kåja, såg vi det som ein god anledning til å foreslå eit alternativ som er meir sentrumsnært og tilgjengeleg, seier Olstad.

Felles ansvar og respekt

Kommunen ønskjer å spele på lag med ungdommen og leggje til rette for ei trygg og god russetid – samtidig som det skal takast omsyn til andre brukarar av parken.

– Russen får bruke parken på same vilkår som alle andre, og vi forventar at dei følgjer dei vanlege reglane for støy, alkohollovgiving og rydding. Russen er også informert om at leikeplassen i parken er for små barn og barnefamiliar, og har sagt seg heilt einige i at det området skal vere fritt for russeaktivitet, understrekar ordføraren.

Frå kommunen si side er det allereie tilgjengeleg både lys, toalett og søppelstativ i området.

Informerer naboar

Russen har teke ansvar for å informere dei som bur i nærleiken, og vil gå dør-til-dør for å fortelje om planane sine.

– Dei ønskjer å møte naboane med respekt, og vil også gi kontaktinformasjon slik at folk veit kven dei kan ta kontakt med ved behov. Det er eit veldig godt initiativ, seier Olstad.

Ho meiner det er positivt med liv i parken.

– Når vi legg til rette for møteplassar som er tilgjengelege for alle, bygg vi fellesskap. Eg håpar russen får ei fin feiring, og at parken får vere eit levande rom for både ungdom, barnefamiliar og andre brukarar gjennom heile våren, avsluttar ordføraren.