Telenor moderniserer mobilnettet - varsel om redusert kvalitet eller manglande dekning i perioder

Onsdag 30. april skal det utførast oppgraderingsarbeid på ein basestasjon i området Nord-Fron og Sel.  I området denne basestasjonen dekkar vil det under oppgraderinga vere lågare kapasitet og i perioder ingen dekning.

Kartskisse med rosa og gule avmerkingar  - Klikk for stort bileteKartutstnitt av område som blir berørt i samband med oppgraderingsarbeidet på basestasjon

Telenor varslar kundane som har tenestene trådlaust breiband og abonnement på mobil og som ein forventar mistar dekning på registrert adresse.

 

Her finn du informasjon om dekning og utbygging frå Telenor.