Temaplan for skogbruket inkl. hovudplan for skogsvegar 2025-2034 - offentleg ettersyn

Temaplan for skogbruket inkl. hovudplan for skogsvegar 2025-2034 (PDF, 2 MB) blir med dette lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 03.06.2025-03.07.2025.

Skogsvegar inn i planen

Statsforvaltaren i Innlandet har oppmoda kommunane om å utarbeide hovudplan for skogsvegar. I Nord-Fron er det største behovet knytt til skogsvegnettet å få opprusta og ombygd tidlegare bygde vegar som i dag ikkje held tilfredstillande standard  for tømmertransport med bil og hengar.

Hovedplan for skogsvegar er difor no implementert i ny temaplan for skogbruket, og det er gjort oppdateringar i andre delområde i planen der det har vore behov for dette.  Dette omfattar m.a. tre konkrete innspel frå Innlandet fylkeskommune som er tatt til etterretning og innarbeidd i planen. 

Tømmerstokk som bli vinsja opp i bratt hogstfelt - Klikk for stort bileteSkogsarbeid Ronny Hagen

Høyringsfrist på fire veker før ny politisk behandling og endeleg vedtak 

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte 27. 05.25 (PDF, 182 kB) vedtatt å legge Temaplan for skogbruket inkl. hovudplan for skogsvegar 2025 - 2034 ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er på fire veker - frå 3. juni til 3. juli d.å.  
Ei papirutgåve av planen er også lagt ut på Nord-Fron bibliotek.

Høyringsuttalene vil bli sammenfatta og lagt fram for 2. gongs behandling i MLA , før kommunestyret til slutt vedtek planen.

Her kan du lese Temaplan for skogbruket inkl. hovudplan for skogsvegar 2025-2034. (PDF, 2 MB)

Frist for å kome med merknad/innspel til planen er 3. juli 2025 og kan sendast til post@nord-fron.kommune.no eller pr brev til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.