Frå øvst i Toksefeltet ein vinterdag
Anne Grete Bakkene
Kan du seie kva som kjem inn under ordninga?
Vi spør bustadutviklar i Nord-Fron kommune Ane Steig
- Ordninga gjeld for alle nye heilårsbustader med søknad om byggeløyve datert etter 1. mars 2022.
Nye einebustader, rekkehus, 2-mannsbustader, leilegheiter m.m. for salg blir omfatta. Den gjeld for bygg på nyopparbeida tomt eller ved nybygg etter riving ved kjøp av gamalt bygg. Den gjeld imidlertid ikkje for mikrohus/minihus med fast installasjon eller hus på hjul.
Når får ein tilskotet utbetalt?
- Bustadbyggar/kjøpar må sjølv søkje om å få bustadtilskotet utbetalt. Ved utbetaling må søkjar ha bustadadresse i denne bustaden. Fristen for søknad er 6 månader etter gitt ferdigattest. Etter dette fell retten til bustadtilskot bort.
Kor lenge har denne ordninga vore?
- Den vart vedtatt i kommunestyret i februar 2021; då var tilskotssummen på kr. 100.000 . - Eit år seinare vart denne høgda til kr. 200.000.
Er det mange som har fått nyte godt av ordninga så langt?
- I 2025 var det 5 stykker som benytta seg av denne ordninga, i 2024 og året før det var det 9 stykker - kvart av åra. Dei fleste har lokal tilknytning frå før og det er både unge og eldre (fleire eldre som kjøpte seg leilegheit ) som har fått nyte godt av ordninga. -Du må då vere folkeregistrert som innbyggjar i Nord-Fron kommune. Du kan ikkje tidlegare ha fått gratis tomt, bustadtilskot eller andre former for tilskot frå det offentlege
Målet med ordninga
Målet med ordninga er å stimulere til bygging av nye bustader i kommunen generelt og til leilegheiter i sentrum; og dermed gje auka tilflytting til Nord-Fron.
Nord-Fron kommune har samtidig gått vekk frå ordninga med å subsidiere kommunale bustadtomter m.a. for å stimulere det private næringsliv i bustadutviklinga i kommunene.
Retningslinjer for bustadtilskot i Nord-Fron kommune
Her finn du retningslinjer for boligtilskudd vedtatt av Nord-Fron kommune, (PDF, 321 kB) sist revidert 12.12.23.