Utval for miljø, landbruk og areal (MLA) har i møte den 14.04.2026, sak 22/26 vedteke å legge forslag til ny trafikksikkerheitsplan for perioden 2026–2030 ut til offentleg ettersyn. Planen skal bidra til å redusere risikoen for ulykker og skader for alle trafikantar, i alle aldrar.
Kommunen har ansvar for trafikksikkerheit på fleire område, mellom anna som planmyndigheit, skule- og barnehageeigar, arbeidsgivar, transportkjøpar, folkehelseaktør og vegeigar. Den nye planen skal vere grunnlaget for det vidare trafikksikkerheitsarbeidet i kommunen og bidra til å nå nasjonale mål for tryggare trafikk.
Du kan lese plandokumenta her:
Forslag til trafikksikkerheitsplan i Nord-Fron 2026-2030. (PDF, 415 kB)
Møtebok frå MLA, 14.04.2026, sak 22/26. (PDF, 55 kB)
Eventuelle merknader sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.
Frist for merknader er 11.06.2026.