Denne ettermiddagen skal vi saman forme korleis skule, kultur og helse skal utviklast på Vinstra, og korleis vi best kan plassere dei viktigaste offentlege tenestene for å gjere Nord-Fron til det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen.
Er det slik Vinstra sentrum kan bli?Kva skjer på verkstaden?
RAM Arkitektur kjem for å presentere dei førebelse alternativa for plassering av ny 1–10-skule, kulturhus og helsehus. Deretter skal vi arbeide i grupper, bruke kart og drøfte korleis vi meiner løysingane bør vere for at Vinstra skal få eit levande sentrum som gjer kommunen sterkare og meir attraktiv for både innbyggjarar, næringsliv og besøkande.
Dine innspel blir ein viktig del av arbeidet som skal leggjast fram for kommunestyret, som tek endeleg beslutning 17. juni.
Praktisk informasjon
Tid: Tysdag 6. mai, klokka 14.00–ca. 17.30
Stad: Inntunet på Vinstra vidaregåande skule (vi brukar også nærliggande rom)
Servering: Enkel servering med kaffi og frukt
Påmelding: Meld deg på her
Vi ber om påmelding slik at vi kan planleggje servering og fordele deltakarane i grupper.
Vil du førebu deg litt?
Sjå gjerne gjennom dokumentbiblioteket vårt.
Kvifor bør du vere med?
Plasseringa av skule, kulturhus og helsehus vil få avgjerande betydning for utviklinga av Vinstra og Nord-Fron i tiåra som kjem. Dette handlar ikkje berre om bygningar – det handlar om å forme eit sentrum som kan vere eit pulserande midtpunkt i Gudbrandsdalen, slik kommunen vår har som mål.
Vi håpar å sjå deg – framtida blir skapt no!