Viktig informasjon om bruk av brannhydrantar ved Vinstra vegpark

Det er observert at enkelte entreprenørar har nytta brannhydranten ved Vinstra vegpark som vasskjelde - dette ikkje er tillate.

 Brannhydrantar er ein del av kritisk infrastruktur og brannberedskap, og skal kun nyttast av brannvesenet og vatnverkets driftspersonell.

Alvorlege konsekvensar ved feil bruk

Feil bruk av brannhydrantar kan føre til fleire alvorlege konsekvensar:

  • Redusert brannberedskap: Dersom nokon tuklar med ein hydrant, kan den svikte når brannvesenet treng den som mest.
  • Forureina drikkevatn: Feil bruk kan føre til tilbakeslag av forureina vatn inn på drikkevassnettet, og utsette innbyggjarane for smitte.
  • Skadar på hydrantar: Hydrantar kan bli øydelagde av frost dersom dei ikkje blir lukka riktig etter bruk.

Lovlege tappepunkt for vatn

For dei som har behov for å fylle vatn, finst det følgjande alternativ:

  • Kvam reinseanlegg (kortbetaling)
  • Brannstasjonen på Vinstra (kortbetaling)

 

Avdelingsleiar for veg, vatn og avløp i Nord-Fron kommune, Even Solbraa, oppmodar alle til å nytte desse tappepunkta og respektere retningslinjene for vassforsyninga. Brannhydrantar er ikkje ei gratis vasskjelde, og uautorisert bruk kan føre til alvorlege konsekvensar for både brannberedskap og drikkevasskvalitet.

Kontakt

Even Solbraa
Avd.leder - VVA
E-post
Mobil 90 67 48 59