Nord-Fron kommune

Utval for miljø, landbruk og areal (MLA)

Utval for miljø, landbruk og areal (MLA)

Utval for miljø, landbruk og areal har som arbeidsområde dei oppgåvene som kommunen har ansvaret for innafor plan- og byggesaker, miljøvern, landbruks- og utmarksforvaltning, medrekna vilt- og fiskeforvaltning og saker om motorferdsel i utmark. Utvalet er også kommuneplanutval.

Utvalet kan dessutan få andre saker til behandling som kommunestyret finn å legge fram for utvalet.
Utvalet kan elles ta opp og uttale seg om alle andre saker som utvalet finn grunn til, og som ikkje kommunestyret har avgrensa.

Utvalet har avgjerdsrett i saker etter Konsesjonslova som ikkje er delegert til administrasjonssjefen, jfr. kommunen sitt delegasjonsreglement. Formannskapet er ankeorgan for slike saker.

Her kan du lese reglement for utval for miljø, landbruk og areal (PDF, 627 kB), vedtatt i K.sak 50/20.

Utvalet har funksjon som styre for kommuneskogane jfr. Skogbrukslova § 35, 2.avsnitt.

Utvalet har 7 medlemer med varamedlemer.

Utval for miljø, landbruk og areal (MLA) 2019 - 2023
Medlemer Parti Varamedlemer Parti
1.Magnar Bratlien Ap 1.Roger Bakken Ap (fast medlem til 7/2-21)
2.Terje Sørlie  Ap 2.Heidi Maurstad Ap
3.Karianne Birkelund Ap ( perm. til 7/2-21) 3.Petter Jon Vaet Spjotum H
4.Jan Tore Kamp Ap 4.Anne Sletten Ap
5.Eva Kappelslåen Ap 5.Sjur Sande Ap
6.Kristin Blekastad Ap
7.Anders Bakken Ap
6. Øyann Brandstad Sp 1.Anders Aasen Slåen Sp
7. Knut Håvard Iverstuen Sp 2.Borgny Sletten Sp
3.Jan Ove Karenstuen Sp
Leiar: Magnar Bratlien Nestleiar: Terje Sørlie