Klage på vedtak i plan- og byggesak

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.
Klaga må vere postlagt før fristen går ut. Kommunen kan ta klaga til følgje og endre eige vedtak, eller den vert sendt til fylkesmannen i Innlandet for endeleg avgjerd.

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering
  • angi kva vedtak det vert klaga på
  • angi kva endringar som eventuelt er ønska
  • vere underteikna

Klagen kan sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no , eventuelt per post til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Ved klage vil kommunen avgjere om det er grunnlag for å utsette igangsetting. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.

Aktuelt lovverk

Kontakt

Kristin Wiig Larsen
Saksbehandler
E-post
Telefon 61 21 61 49
Helene Fjellheim
Byggesaksbehandler
E-post
Telefon 61 21 63 67

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra