Oppføring av gjerde

Har eg lov til å sette opp gjerde rundt hytta mi?  

Er det spesielle reglar som gjeld for området der hytta mi ligg?

Nord-Fron kommune har felles gjerdereglar for alle regulerte hytteområde i kommunen. Det er lov med inntil 300 m2 eks. bebygd areal (BYA) pr eigedom (med unntak av Afstjønna hytteområde). 

Før gjerde kan førast opp i samsvar med kommunens gjerdereglar, skal det sendast skriftleg varsel til kommunen. Kommunen skal ha tilsendt målsatt kart over gjerdets omfang/areal. Det skal tydeleg framgå av meldinga at gjerdets omfang er maks 300 m2 ekskludert eigedomens bebygde areal. Meldinga skal sendast til post@nord-fron.kommune.no  

Kommunen varslar så aktuelle beitelag om oppføringa, med kopi til hytteeigar/tiltakshavar.

Her er gjerdereglane for hytteområder i Nord-Fron:

 

I særlege tilfelle, når særlege forhold eller omsynet til beite, miljø eller allmenn ferdsel tilseier det, kan kommunen fråvike dei generelle retningslinene.

Publikumskartet  kan vere eit nyttig hjelpemiddel ved teikning av gjerdet. Sjå tips via linken.