Spredt avløp

For spredt avløp er lokal forskrift for separate avløpsanlegg. (PDF, 213 kB) styrande.

Forskrifta beskriv kva typer separate avløpsanlegg som er tillatt kvar, og kva vilkår som blir stilt.

Ved søknad om separat avløpsanlegg, er det krav om bruk av uavhengig konsulent. Ein slik konsulent må ha nødvendig utdanning og kompetanse inna fagfeltet. I tillegg er det stilt krav om bruk av ansvarleg foretak for utføringa av anlegget.

Det kan ikkje bli starta opp arbeid knytt til separate avløpsanlegg før det foreligg skriftleg løyve frå kommunen.

 

Dersom du ikkje har innlagt vatn (innvendig cisterne inntil 25 liter, som blir fyllt manuelt via innbæring av vatn, blir ikkje betegna som innlagt vatn), er det ikkje krav om utsleppsløyve. Det betyr at du då kan etablere gråvatnsutslepp, samt benytte toalettløysingar med tett tank, t.d. frå Jets.
Toalettløysningar med utslepp til grøft blir ikkje tillatt utan at det blir søkt om og utsleppsløyve blir gitt.

Søknad om utsleppsløyve utløyser gebyr. 

Her finn du søknadsskjema om utsleppsløyve spredt avløp.

Prisar 

Separate avløpsanlegg for inntil  50 Pe ( 6 x G *) : kr. 6.879

I tillegg kjem gebyr for ferdigattest/bruksløyve (1xG): kr. 1.147

*) Gebyrsats - Grunnbeløp i 2022(G) er  kr. 1.147

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Planleggjar
E-post
Telefon 61 21 61 72
Mobil 48 21 43 04

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra