Kultur og fritid

Supersonic på Byfest-scena under Byfesten 2019

 Nord-Fron kommune har eit rikt kulturliv, og eit breitt spekter av fritidsaktivitetar for heile familien!  

Nord-Fron bibliotek

Nord-Fron Bibliotek finn du i store, fine lokaler i Nedregata 50 på Vinstra, i 1.etg. på Kommunehuset.

Biblioteket har eit stort og variert utval av bøker - nye og eldre, lydbøker, filmar/TV-serier, faglitteratur og skjønnlitteratur, for alle aldersgrupper. Du finn også eit utval aviser og tidsskrift, har lesesalsplassar, leseapparat for mikrofilm, PC-ar og trådlaust nett. Biblioteket har også utstillingsplass for lokale kunstnarar, både profesjonelle og amatørar.

Fron kulturskole

 


Fron kulturskole har eit svært breidt tilbud, og gir undervisning innan hovedretningane musikk, dans, drama, kunst. Kulturskolen sel tenester til frivillige lag og organisasjonar. 

Les meir om Fron kulturskole her!

Vinstra kino


I salen på Vinstra kino ser du dei største filmane frå Hollywood same dag som dei har verdspremiere. Og du kan sjå dei smale og kritikerroste filmane, og bli minna på kvifor film er best på kino!

Sjå programmet for Vinstra kino her!

Fron badeland

Treng du å ta deg ein dukkert så har vi verdas finaste badeanlegg, midt i Gudbrandsdalen! Fron badeland; " Fronsbadet" er eit regionalt badeanlegg som  kommunane Nord-Fron og Sør-Fron eig. Fron Badeland finn du på Harpefoss i Sør-Fron kommune. I anlegget finn du 25 meters svømmebasseng, 12,5 meters terapibasseng og stupebasseng. I tillegg er her klatrevegg,barnebasseng med 48 meters vannsklie, barnesklie, motstrømsanlegg og "grotte", steambad, sauna, boblebasseng og solplass med dusj. 

Sjå heimesida til Fron badeland her

Nord-Fron Frivilligsentral


Nord-Fron Frivilligsentral sørger for at du som har tid til overs, og vil bidra til at andre har ein god kvardag, får gjort dette på ein måte som er best både for deg og den som mottek tenesta. Frivilligsentralen huser også aktiviteter som betyr mykje for mange innbyggere i kommunen. 

Ta kontakt med Frivilligsentralen dersom du ønskjer å vite meir om kva tenester dei tilbyr, eller kva du sjølv kan bidra med!

Arrangement

Vi er utruleg stolte over alle arrangement som finn stad i vår kommune!

Alt frå dei intime konsertane på dei små scenene, til store nasjonale festivalar! Les meir om alle arrangementa her!

Arenaer for kultur og idrett

I Nord-Fron finn du store idrettsanlegg og gode kulturarenaer - og dei kan både privatpersonar, lag, organisasjoner og bedrifter nyte godt av. Og  ordninga "Fri leige" gjer at all ordinær aktivitet for barn og unge er gratis!

Sjå vår oversikt her!