Politikontakt

Politikontakt for Midt-Gudbrandsdal og Nord-Fron kommune er Kjell Bakken.

Alle kommunar har fått tildelt ein politikontakt. Formålet med politikontakt er å drive forebyggande arbeid i samarbeid med kommunen og skoleverket, og på den måten skape trygge lokalsamfunn. Politikontakta skal kjenne politiet sine arbeidsområde godt, og ha brei kompetanse og erfaring innan forebyggande politiarbeid.

Ein viktig del av arbeidet til ein politikontakt er å skaffe god lokalkunnskap og innsikt i utfordringar i den kommunen dei skal jobbe med. I tillegg til kommunen, vil både det lokale næringslivet, frivillige organisasjonar og andre lokale aktørar vere viktige samarbeidspartnerar for politikontakten..