Kva tilbyr vi?
Nord-Fron Frivilligsentral koordinerar frivillig innsats i kommunen vår. I tillegg er Frivilligsentralen ein møteplass for fleire typar aktivitet.
Dei frivillige utfører mellom anna tenester som:
-
utkøyring av varm mat frå Sundheim 5 dagar i veka.
-
følgje til lege, tannlege, sjukehus osb.
-
transport for bebuarar på Sundheim til handling.
-
sykkelturar med rickshawsykkel frå Sundheim.
Det er omlag 80 frivillige knytt til Nord-Fron Frivilligsentral.
Kvar veke foregår det faste aktiviteter på Frivilligsentralen:
- Måndagar:
- 11.00 - 14.00 Bridgeklubb
- Tysdagar:
- 09.00 - 14.00 Steinsliping
- 11.00 - 14.00 Strikkekafé
- Annakvar onsdag
- 11.00 - 14.00 Dugurdstreff
- Torsdagar
- 11.00 - 14.00 Torsdagsgruppe
Kven kan få tilbodet?
Frivilligsentralen koordinerer frivilligtenester. Tildeling av kven som kan motta tenester blir gjort av følgjande:
- Utkøyring av varm mat frå Sundheim - klikk her
- følgje til lege, tannlege, sjukehus osb - kontakt din behandlar eller heimetenesta.
- transport til handling gjeld for bebuarar på Sundheim og omsorgsboligar
For å delta på dei faste aktivitetane på Frivilligsentralen trengs det ikkje påmelding (bortsett frå Torsdagsgruppe). Det er berre å møte opp på dei oppsatte tidene. Ta kontakt dersom du har spørsmål.
Utleige
Det er mogleg å leige både kjeller og hovudetasje på Gammelbanken. Les meir om dette under utleige av kulturbygg.
Nord-Fron Frivilligsentral ligg i Gamalbanken på Vinstra.