I Nord-Fron kommune blir vigslar gjennomført på fredagar mellom klokka 10.00 og 16.00 i kommunenestyresalen / møterom i 3. etasje / det livsnøytrale rommet på Sundheim
Dersom brudeparet ønskjer vigsling på andre stader, andre dagar eller til anna tid, så kan dette avtalast med vigslar. For vigsler som blir gjennomført på andre stader / dagar / anna tid må ein betale kr. 1000,-. Gebyret er vedtatt av kommunestyret.
Kven står for vigselen?
I Nord-Fron kommune er det fyrst og fremst ordførar og varaordførar som vil stå for vigslane. I tillegg har kommunestyret gitt kommunedirektør Arne Sandbu og tjenesteleder Anita W. Heggestuen fullmakt til vigsling.
Korleis bestiller vi tid for vigsel?
I brev / e-post må følgjande informasjon bli gitt:
- Navn på brudepar.
- Kontaktinformasjon.
- Ønskja lokalisering / stad.
- Ønsket dato og klokkeslett.
- Andre ønskjer – ringer / kunstneriske innslag / fotografering
- Eventuell anna informasjon brudeparet meiner er relevant
E-post sendast til post@nord-fron.kommune.no
Attest på prøving frå Folkeregisteret må sendast til kommunen så snart de har fått den, og seinast 1 månad før dato. Avtale om vigsel blir ikkje rekna som endeleg før kommunen har mottatt attesten, saksbehandla den, og de har fått ein skriftleg bekreftelse frå oss om tid og stad.
Hva kostar ein borgarleg vigsel?
Korleis får eg kopi av ei gamal vigselsattest?
For vigsel gjennomført i perioden 2004-2017, ta kontakt med Skatteetaten.
For vigsel gjennomført av kommunen etter 1.1.2018, ta kontakt med Servicetorget i kommunen på e-post post@nord-fron.kommune.no
Kjønnsnøytral ekteskapslov
1. januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnerskap kan bli omgjort til ekteskap ved søknad til Skatteetaten.
Seremonirommet
I Nord-Fron kommune blir vigslar gjennomført i kommunestyresalen på kommunehuset dersom ikkje anna er avtalt.
Vigslar kan og gjennomførast i møterom i 3. etasje på kommunehuset og det livsnøytrale rommet på Sundheim.
Rommet vil vera einkelt pynta. Det er sitteplass til gjestar i tillegg til brudeparet. Utanfor seremonirommet er det venterom der brudeparet og deira følgje kan vente fram til seremonien.
Frammøte
Paret med følgje må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel, seinast 15 minutter før vigselen skal finne stad. Brudeparet og vitna må syne fram legitimasjon før seremonien startar.
Vitne
To vitne må vera til stades under seremonien. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar som paret har med seg.
Språk
Det kan på førehand avtalast at vigselen skal foregå på engelsk. Dersom paret ikkje forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med seg en kvalifisert tolk.
Om seremonien
Seremonien tek ca 15 minutt. Under seremonien blir formular for borgerleg vigsel lest opp. Deretter blir paret spurt om dei vil ha kverandre til ektefeller. Så blir de erklært som ektepar. Til slutt underskriv paret, vitna og vigsleren vigselsprotokollen. Paret får etter dette ei førebels vigselsattest. Endeleg vigselsattest blir sendt etter frå folkeregisteret. Det blir opna for korte kulturelle/kunstneriske innslag. Dette må avtalast med vigsler på førehand.
Ringar
Det er høve til å sette på ringar under seremonien. Ver vennleg å si ifrå om dette til vigslaren før seremonien startar.
Kunstneriske innslag
Som ein del av seremonien, ynskjer enkelte å ha musikk eller diktlesing. Dersom kunstneriske innslag, må de gi beskjed om dette på førehand. Kunstneriske innslag skal ikkje vare lenger enn fem minutt.
Fotografering
Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien i samråd med paret.
Pris kommunale vigsler