Leige av skolebygg i Nord-Fron Anne Grete Bakkene Nord-Fron kommune leiger ut forskjellige skolebygg. Ta kontakt direkte med skolen det gjeld for meir info.PrisarLeigesatsar ved skolane for 2025 Klikk her for å sjå retningsliner for fri leige av kommunale bygg Det er fri leige for ordinære kultur- og idrettsaktivitetar for barn og ungdom i kommunale lokal i Nord-Fron. Ordninga gjeld for barn og ungdom til og med 19 år. Leigetakarane må vere lag/organisasjonar/grupper som høyrer til i Nord-Fron, og der hovuddelen av medlemmene er innbyggjarar i Nord-Fron. Lag/organisasjonar/grupper som driv aktivitetar der barn, ungdom og vaksne er med likt, skal ha fri leige dersom hovuddelen av deltakarane er barn og ungdom. Der hovuddelen av deltakarane er vaksne skal det vere full leige. For symjehallane skal det vere fri leige for idrettslag som driv symjeaktivitetar for barn og ungdom. All anna leige skal det betalast vanleg leigesats for. For den offentlege badinga skal det betalast vanlege billettprisar. Fri leige gjeld berre når lokal er reservert på førehand, og godkjend av driftsansvarleg. Dersom reservert tid ikkje skal nyttast, må avbestillinga gjerast i god tid. Om avbestilling ikkje blir gjort, blir leigetakaren fakturert etter ordinær takst for den reserverte tida. Fri leige gjeld ikkje for turneringar, treningssamlingar, kurs, konsertar og liknande arrangement. Ved stor etterspurnad etter leige etter denne ordninga, skal dei som driv typiske inneaktivitetar bli prioritert først. Desse retningslinene gjeld ikkje for utleige til skolane i kommunen eller Vinstra Vidaregåande skule. Publisert 17.12.2020 14.47 Sist endra 30.01.2025 11.10