MOT

MOT er eit haldningsskapande program som skal skape robust ungdom som inkluderar alle. Elevane ved ungdomsskulen får besøk av skolerte MOT-coachar 12 gonger ila. ungdomsskuletida. Besøka har tema som respekt, forventningar, dialog, egenstyrke, val og draumer. 

 

MOT til å bry seg - MOT til å seie nei - MOT til leva

Dette er dei tre grunnverdiane i MOT. Gjennom å bygge trygge ungdom som tek gode val, bygger ein samstundes gode lokalsamfunn.

MOT-programmet er for elevar på ungdomsskuletrinnet.

Nord-Fron er også med i tilleggsprogramma "Skolen som samfunnsbygger" og "Kommunen som samfunnsbygger". Tilleggsprogramma skal sørge for enda større bevisstheit rundt MOT-programmet.

"It takes a village to raise a child"

          - Afrikansk ordtak