Det gule bygget til Ruste barnehage sett utenfra
Nord-Fron kommune
Historikk
Ruste barnehage vart nyopna hausten 2008, og tre barnehagar vart då samla til ein. Ruste skule vart bygd om til barnehage, og godkjent for 98 plassar for barn i alderen 0-5 år.
Verdier - visjon og hovudmål
Nord-Fron kommune sine kjerneverdier er Synleg, samlande, solid. For tilsette i Ruste barnehage betyr det at vi står saman som eitt team for å ivareta alle barn sitt beste. Vi møter alle på ein anerkjennande måte, syner glede og engasjement, er kreative, fleksible og løysningsorienterte. Vi er ærlege og opne, gir og tek imot attandemeldinger med respekt.Vi er opne for å tenke nytt, samtidig som vi tek godt vare på det gode. Vi reflekterer over eigen praksis ved å stille spørsmål til den, faglegg og bruker kritisk tenkning.
Vår visjon er å vere «Ruste robust»! Hovudmålet vårt er: «Eit robust samarbeid i Ruste barnehage». Vi ser og opplev det gjennom barn som tør å kome med forslag, tek initiativ, som bidreg i sin eigen kvardag og som er ein del av fellesskapet. For å nå visjonen og delmålet vårt treng vi tilsette som har tru på at barn kan, klarer og mestrer, som ser kvart enkelt barn si styrke og som legg til rette for at barn skal ha ein likeverdig plass i fellesskapet.
Her er modellen vi jobber ut frå, som kjem til syne i praksis, dokumentasjon og planer frå avdelingene:

Prosjekt godt leikemiljø
Våren 2024 starta vi opp eit prosjekt for å forbedre leikemiljøet for barna. Målet er å skape rom for leik som inkluderer alle barna. Vi får veiledning og støtte fra firmaet Styd kommunikasjon, og deler deira sitat;
«Å stole på leken handler om å stole på barn. Stole på at barna vet best selv hva som gir mening for dem. Og i leken kan barna finne mening. Det gjelder bare å gi dem muligheten.»
Dette sitatet skal vise i leikemiljøa våre, dei skal vere fleksible, ha gode møteplassar, og tilby materialer i rett mengde som legg til rette for inkluderande leik.
Avdelingar, lokaler og uteområde
Barnehagen har fem avdelingar med navn etter stader i bygda: Hånåhoppet, Feforkampen, Brakjeberget, Liaåksla og Hågåhaugen(friluftsgruppe). Vi deler barna inn etter alder, og Hånåhoppet er småbarnsavdelinga vår. Vi har eige uteområde for dei yngste på baksida av barnehagebygget. Vi samarbeider mykje på tvers av avdelingar etterkvart som barna er klare for det.
I tillegg til avdelingane har vi fellesrom som vassrom, musikkrom og bibliotek inne og eit stort område å boltre oss på ute. Vi går ofte turar utanfor gjerdet og har faste turplassar i skogen.
Årsplan
Her kan du lese årsplan 2025-2026 - del 2 for Ruste barnehage. (PDF, 2 MB)