Årsgebyr vatn og avløp

Kommunestyret vedtek kvart år gebyrregulativ for kommunaltekniske tenester.

Årsgebyr for vatn og avløp 2024 er vedtatt i møte 12.12.2023 - K.sak 167/23.

Årsgebyr på vatn og avløp består av abonnementsgebyr og forbruksgebyr. 

Årsgebyr på vatn og avløp 2024

Årsgebyr på vatn og avløp 2024
Vatn og kloakk Brukarkategori Pris i kr. ekskl. mva.
Vatn Næring * 0-26 mm 2612
Vatn Næring* > 26 mm kr 5224
Vatn Bustad / fritidseigedom** 2612
Kloakk Næring* 0-26 mm 4536
Kloakk Næring* > 26 mm 9072
Kloakk Bustad / fritidseigedom** 4536
Forbruksgebyr:
Blir berekna på grunnlag av målt eller stipulert forbruk gitt i m3 og gitt einingspris Einingspris ( kr/m3) x Forbruk (m3) Einingsprisen er lik for alle brukarkategoriar
Vatn 15,62 kr/m3
Avløp 19,04 kr/m3

*) Avgift pr. inntaksleding (ein eigedom kan ha fleire inntaksleidningar)

**) Avgift pr. bueining. Bustadeigedom (einebustad) med ekstra bueining kan søke om fritak for abonnementsgebyr for ei bueining som ikkje er bebudd (eks. kjellerleilegheit, generasjonsbustad, hybel). Fritak gis ikkje med tilbakeverkande kraft.

Målt forbruk (vassmålar)

Avløpsmengde blir rekna lik vassmengde. Unntak frå dette må dokumenterast av abonnenten. Næring og offentleg verksemd betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk.

Stipulert forbruk

Stipulert forbruk (m3)= Bruksareal BRA (m2) x Spesifikt forbruk (m3/m2) der:

  • Bruksareal BRA er arealet rekna som bruksareal BRA (m2) etter NS 3940
  • Spesifikt forbruk er fastsett til 1,6 m3/m2)