
Kommunedelplan Vinstra skal sjå areala i samanheng og gi retning for framtidig utvikling av bustadområde, næring, samferdsel og grøntområde. Planen omfattar ikkje berre Vinstra sentrum, men òg omkringliggjande område der folk bur og ferdast til dagleg.
Arbeidet tek utgangspunkt i overordna mål i kommuneplanen sin samfunnsdel, planstrategien og føringane i Vinstra 2046. Det blir òg sett på eldre reguleringsplanar og tidlegare avsette areal, for å vurdere korleis desse fungerer i dag og kva moglegheiter dei gir framover.
I denne fasen blir det mellom anna arbeidd med:
- plankart og planføresegner
- konsekvensvurderingar
- trafikkanalyse og trafikkteljingar
Planforslaget er under utarbeiding og skal etter planen behandlast politisk for første gong i løpet av første kvartal 2026. Etter dette vil planen bli lagt ut på offentleg høyring, der innbyggjarar og andre interesserte får høve til å kome med innspel.
All informasjon om kommunedelplan Vinstra blir samla på denne sida, og vil bli oppdatert etter kvart som arbeidet går framover.