Nord-Fron kommune

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt

Frå 1. januar 2011 vart det vedtatt ny eigedomsskattetakst for alle eigedomar i Nord-Fron kommune. Taksten vil danne grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt i 10 år framover.

Nord-Fron kommunestyre vedtek i sine budsjettmøter i desember ein generell skattesats for bustadhus, hytter og næring.  Bustadhus og hytter har hatt ein skattesats på 3 o/oo og eit botnfrådrag på kr. 150.000 for kvar bueining, medan næring har hatt ein skattesats på 7 o/oo. Nord-Fron kommune har ikkje hatt endringar på skattesats og botnfrådrag sidan 2011.

Detaljert informasjon om korleis taksten er utrekna på kvar eigedom  kan du få ved å vende deg til eigedomsskattekontoret.

Du betaler eigedomsskatt 12 gonger i året i Nord-Fron kommune, eller du kan velge å endre til betaling 4 gonger i året.

Kontakt

Heidi Reitan
E-post
Telefon 61 21 61 29

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra

Åpningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00