Forskrift for skolefritidsordninga (SFO), Nord-Fron kommune, Innlandet

1 Generelt

§ 1      Formål

Skolefritidsordninga (SFO) i kommunen blir drive etter § 13-7 i Opplæringslova, nasjonal rammeplan for SFO og etter retningslinene vedtekne av kommunestyret i Nord-Fron.

SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter den obligatoriske skoledagen for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og sosial læring med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interessar hos barna. SFO skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

§ 2      Eigartilhøve og ansvarleg styringsorgan

Nord-Fron kommune er ansvarleg for drifta av SFO ved kvar skole.

Kommunestyret er ansvarleg styringsorgan for SFO. 

§ 3      Styring og leiing

SFO er administrativt lagt under kommunedirektøren.

Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for ordninga ved den enkelte skolen. Ein av dei tilsette leier den daglege drifta. 

Dersom foreldrerådet på skolen ønskjer det, kan arbeidsutvalet supplerast med ein av foreldra som har barn i SFO. Denne representanten blir vald mellom foreldra i allmannamøte.

Dersom samarbeidsutvalet finn det ønskjeleg, kan leiar av den daglege drifta av SFO møte med talerett.