Forskrift for skolefritidsordninga (SFO), Nord-Fron kommune, Innlandet

2 Om SFO plassen

§ 4      Ordinær SFO

SFO er ope på skoledagar frå kl 7.00 og fram til skoledagen startar, og frå skoledagens slutt og fram til kl. 16.30.

SFO følgjer skoleruta og er stengt under haustferien, juleferie, vinterferie, påskeferie, planleggingsdagar og alle helligdagar.

§ 5      Sommar-SFO

Sommar-SFO er ope frå kl 7.00 – 16.30, med kjernetid frå kl 10.00 – 14.00.

Det er ikkje anledning til å bruke sommar-SFO før skolestart på 1. trinn.

I skolen sin sommarferie, vil det vere eit samordna tilbod om sommar-SFO i totalt fire veker (to veker etter skoleslutt og to veker før skolestart) når det er minimum fem – 5 – påmeldte, mot særskild fakturering i juni etter påmelding.

§ 6      Leike- og opphaldsareal

SFO skal som hovudregel vere lokalisert i skolen, men kan også nytte eigne bygg nær skolen. Lokalane skal vere godkjende etter gjeldande brann- og HMS forskrifter. Heile skoleanlegget (inne- og uterom) og skolen sitt nærmiljø står til disposisjon for SFO.
SFO-areala kan vere ein del av skolen sitt totale undervisningsareal i den tida SFO er stengt. Rektor styrer sambruken av areala.

§ 7      Ulike SFO opphald

Det er kommunestyret som vedtek kva for opphald som skal bli tilbydd. Sjå heimesida til Nord-Fron kommune.
Søknad om SFO-opphald skal gjelde faste og forutsigbare dagar og gjeld for alle elevane.

§ 8      Bemanning

Dei som blir tilsett ved SFO eller sommar-SFO skal leggje fram politiattest i høve til opplæringslova § 10-9.

SFO bør i regelen bemannast med ein vaksen per 15 barn til stades.

For barn med særskilde behov kan det tilsetjast ekstra bemanning etter behov og sakkunnig vurdering.