Forskrift for skolefritidsordninga (SFO), Nord-Fron kommune, Innlandet

5 Moderasjon

§ 19    Moderasjonsordningar

Det er moderasjonsordningar etter reglane i forskrift til opplæringslova kapittel 1B.

Moderasjonsordningane gjeld for opphaldet både ved ordinær og sommer-SFO.

Søknad skal sendast via foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron). Sjå heimesida til Nord-Fron kommune for meir informasjon.

Moderasjonsordningane gjeld ikkje betaling for kost eller tilfeldig kjøp av opphald.

§ 20    Søknadsfrist

Søknadsfrist 1. mai, for vedtak som skal gjelde frå oppstart nytt skoleår.

For søknader som kjem etter 1. mai til 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato vere 
1. september.

For søknader som kjem inn etter 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato bli påfølgjande heile månad etter søknadstidspunktet.

§ 21    Søskenmoderasjon

Denne moderasjonen blir gjeve automatisk utan søknad, så lenge den same foresatte er registrert som betalar for barna.

Søsken blir definert som heilsøsken og halvsøsken. Stesøsken har ikkje rett til søskenmoderasjon. Fosterbarn blir rekna som søsken.

Det er 50% på opphaldet for barn nr. 2 og vidare dersom søskena bur fast saman og går på skole i same kommune. 

§ 22    Reduksjon i foreldrebetaling etter 6%-regelen

Etter søknad blir det gjeve reduksjon i foreldrebetalinga etter reglane i forskrift til opplæringslova § 1B-1 for elevar på 1. – 4. trinn.

§ 23    Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5. – 7. trinn

Etter § 1B-3 blir det gjeve gratis SFO på 5. – 7. trinn for barn med særskilte behov. 

Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

§ 24    12 timer gratis SFO for 1. og 2. trinn

Etter § 1B-4 blir det gjeve reduksjon med inntil 12 timar for elevar på 1. og 2. trinn. Denne moderasjonen blir gjeve automatisk utan søknad. 

Dersom denne retten blir utvida, har kommunedirektøren myndigheit til å vedta endringar.