Forskrift for skolefritidsordninga (SFO), Nord-Fron kommune, Innlandet

3 Søknad, opptak, endring og oppseiing

§ 9      Kriteriar for opptak

Elevar skal i hovudsak gå i ordinær SFO i den skolekretsen dei høyrer til. 

Alle barn på 1 - 4. trinn og alle barn med særskilte behov på 1.-7. trinn kan etter søknad få eit tilbod før og etter skoletid. 

For dei som søkjer innan fristen for hovudopptaket, vil dei få tilbod om SFO-plass frå første skoledag.

Dei som søkjer etter hovudfristen kan få tilbod om plass frå veke 42, dersom det er ledig kapasitet. Sjå § 11 om søknadsfrister. 

Kriteriar for tildeling i prioritert rekkjefølgje:

  1. Elevar med særskilde behov (1. – 7. trinn).
  2. Elevar med vedtak etter lov om barneverntenester (barnevernlova).
  3. Når alt anna er likt, får yngste elev prioritet.

Det blir krevd dokumentasjon frå sakkunnige når det gjeld særskilte behov eller vedtak etter barnevernlova.

§ 10    Registrering av søknad, endring og oppseiing

Søknad, endring av opphaldet og oppseiing skjer via foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron). 
Meir informasjon ligg tilgjengeleg på heimesida til Nord-Fron kommune.

§ 11    Søknadsfrister ordinær SFO

Søknadsfrist for hovudopptaket til ordinær SFO er 1. april med oppstart frå skoleåret komande haust og gjeld ut skoleåret.

For søknader som kjem inn etter 1. april og fram til og med 1. september, er oppstart frå veke 42 og ut skoleåret dersom det er ledig kapasitet.

For søknader som kjem inn etter 1. september og fram til og med 1. desember, er oppstart frå veke 1 og ut skoleåret dersom det er ledig kapasitet.

Det er unntak for dei som fløtt til Nord-Fron kommune etter søknadsfrist, desse kan få søknaden innvilga før veke 42 og veke 1, dersom det er ledig kapasitet.

Dersom det er ledig kapasitet, kan det vere høve til å kjøpe tilfeldige opphald.

§ 12    Søknadsfrist sommar-SFO

Påmeldingsfrist for sommar-SFO er 1. mai. Påmeldinga er bindande.

Det er eit krav om minimum fem – 5 – påmeldte for at eit samordna tilbod for alle barneskolane vil bli tilgjengeleg.

§ 13    Opptaksmyndigheit og klagerett

Enkeltvedtak etter denne forskrifta er delegert til rektor ved kvar skole. 

Ut frå forvaltningslova § 28, er det klagerett på enkeltvedtak. Eventuell klage skal sendast til den skolen som har gjort vedtaket for ny vurdering. Kommunens klagenemd er endeleg klageinstans. Det blir vist til forvaltningslova §§ 28 - 36 for reglane rundt klaga.

§ 14    Endring i opphaldstid

Siste frist for å sende inn endringssøknader er 1. april for inneværande skoleår. 

Søknader om reduksjon av opphald er oppseiing av enkeltdagar. Oppseiingstida for enkeltdagar er ein – 1 – månad, rekna frå den 1. i den påfølgjande månad.

Søknader om økt opphald, kan bli innvilga dersom skolen har kapasitet.

§ 15    Oppseiing av SFO-plassen

Oppseiingstida for SFO-plassen er ein – 1 – månad, rekna frå den 1. i den påfølgjande månad. 
Det betyr at det blir krevd betaling i den månaden som oppseiinga vart motteke og i månaden som kjem etterpå. Dette gjeld sjølv om eleven ikkje bruker plassen før oppseiingstida er ute.

Dersom SFO-opphaldet til eleven skal endras (oppseiing av heile eller enkeltdagar) for månadane mai-juni, må søknad om dette vere motteke seinast 1. april og vil då gjelde frå og med 1. mai.  

Oppseiing som blir motteke etter 1. april, blir rekna som utvida ferie og må betalast ut skoleåret. Unntaket er dersom eleven fløtt før skoleslutt.