Viktige påminningar
Vedr. produksjonstilskott og avløysartilskott i jordbruket
Landbrukskontoret minnar om telledato 1.mars og søknadsfrist 15.mars for del 1 av søknad om produksjonstilskott og avløysartilskott i jordbruket.
Del 1 gjelder kun for husdyrprodusentar.
Når søknaden er levert, kan du endre opplysningane i søknaden fram til 29.mars.
Link til innlogging:
https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/produksjonstilskudd-og-avlosertilskudd-i-jordbruket/
Landbruksfondet i Nord-Fron kommune
Det er årleg søknadsomgang med søknadsfrist 15. april. Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga. Søknad kan rettast til utval for miljø, landbruk og areal (MLA).
Her finn du vedtekter for Landbruksfondet i Nord-Fron kommune. (PDF, 22 kB)
Spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL-midlar
Nord-Fron kommune har ei auka ramme til fordeling i 2023, og oppmodar dei som har planar om aktuelle tiltak til å søkje . Søknadsfristen for SMIL- midlane er 15.april.
Her finn du Tiltaksstrategier for SMIL for Nord-Fron kommune. (PDF, 582 kB)
Her finn du meir informasjon frå Landbruksdirektoratet om SMIL-ordninga og søknadsskjema.
Tilskot til tiltak i beiteområder
Retningsliner i Nord-Fron kommune:
Tilskott til tiltak i beiteområder 2020-2023 - retningsliner for Nord-Fron. (PDF, 409 kB)
Meir informasjon og søknadsskjema om tilskot til tiltak i beiteområder på Landbruksdirektoratet si nettside.
Dødsbo og overføring av landbrukseigedom til ny eigar
Frå 1. januar 2022 har dødsbo ein frist på tre år til å sørge for at landbrukseigedom i boet blir overført til ny eigar. Treårsfristen gjeld frå dødsfallet, og gjeld der det i dødsboet inngår ein landbrukseigedom som består av minst 5 dekar jordbruksareal eller minst 25 dekar produktiv skog. Dersom arvelater døde før 1. januar 2022 blir treårsfristen rekna frå 1. januar 2022.
For meir info.:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/dep/lmd/nyheter/id2877041/
Informasjonshefte frå landbrukskontoret mars 2023 (PDF, 3 MB)
Informasjonshefte frå landbrukskontoret mars 2022 (PDF, 2 MB)
Informasjonshefte for nye bønder i Midt-Gudbrandsdal februar 2022 (PDF, 713 kB)
Informasjonshefte frå landbrukskontoret mars 2021 (PDF, 2 MB)
Temaplanar
Temaplan for beitebruk i Nord-Fron 2020 - 2029 (PDF, 10 MB)
Temaplan for skogbruket i Nord-Fron 2020 - 2029 (PDF, 650 kB)
Nyttige lenkar
Statsforvalteren i Innlandet (Fylkesmannen): Landbruk og mat
Landbruksdirektoratet
Vedtekter for Landbruksfondet i Nord-Fron kommune (PDF, 22 kB)
Landbruks- og matdepartementet